Sidan 1988 har det vore veterandans ein gong for månaden frå september til mai. Dansen tar til kl 19:00. Så er det ein halvtimes sosial kaffipause med mat som folk tar med og kl 21:30 er det slutt for kvelden.
Inngang er for tida kr 50,- for dei som ikkje er medlemer i Folkedanslaget.
I veteranringen blir det stort sett dansa songdans og turdans, likt fordelt i to økter.
Det blir lagt vekt på å få med nokre store balladar og rekkedansar på kvar øving.
Songdansrepertoaret er relativt stort og populært.
Datoar ligg i aktivitetskalenderen, og er merka «Songdans og turdans».
Det møter omkring 30 på øvingane og det er plass til fleire. Det er inga aldersgrense.