

[br]
Ragna Rytter sette saman denne mannsdrakta sist i 1950-åra. Ho tykte at karfolka òg skulle ha si særeigne drakt, slik kvinnene hadde fått det i 1920-åra.
Draktdelane ho bygde på skriv seg frå Gauldalen; ei trøye frå Horg i kvitt skinn, og ein rosebragdvest frå Byneset. Dei finst båe på Trøndelag Folkemuseum. Lokkbuksa vart laga slik dei brukte ho øvst i Gauldalen, i Røros draktdistrikt. Ein har raud huve til bunaden, ettersom slike huver òg har vorte brukte i Gauldalen.
Den første nye drakta vart teken i bruk i 1963. Denne mannsbunaden har ikkje vore lagt fram for Bunad- og Folkedraktrådet.
Til bunaden høyrer:
Linskjorte med broderi, vest, kvit trøye, lokkbukse, hoser, hoseband og raud huve.
Skjorta er av lin med anten plattsaum eller teljesaum. Ho har høg ståande krage, og vert halden saman i halsen av ei sølvknappspenne med digel. Ermlinninga vert òg halden saman med ein sølvknapp.
Vesten har rosebragdmønster i fem fargar med linrenning og ullinnslag. Vesten har ståande krage med tre knappar, men er ikkje knept heilt opp. Han har to lommeklaffar, og ermhola er godt ringa. Framstykka er fôra med lin, medan bakstykket er sydd i enkelt linstoff. Det er knyting bak.
Trøya er i kvitt vadmål, har høg krage med slag, splitt bak og åtte knappar. Ho har eit lite slag øvst mot kragen.
Lokkbuksa har fått namnet sitt frå lokket, ein klaff som sit framme. Lokket blir knept med fem knappar. Buksa er sydd av mørkeblått eller sauesvart vadmål, og har høg linning med tre knappar i høgda midt framme. Ved kneet er det splitt med fem knappar og smal linning med spenne.
Hoser. Hosene er strikka i grått og kvitt møster. Ein nyttar to-trådars strikkegarn.
Hoseband. Ein kan bruke hoseband (flammaband) i mange ulike fargar.
Huve. Ein bruker ei raud strikkahuve til bunaden. Ho vert strikka i tre-trådars ullgarn.