Teaterlaget (Spellaget)


Artikkelforfattaren trakterer gitaren…

Teaterlaget feira nittiårsjubileum midt i november i 1999. Frisk fest og framsyning med kavalkade over fortida. Verkeleg triveleg. Eg kunne sjølvsagt ikkje unngå å minnast gamle dagar.

Det heitte Spellaget den gongen. Og Spellaget det var Ola Ulstad og Øyvind Johnsen. Ola fann fram stykke, skreiv, instruerte og ordna. Øyvind laga kulisser. Han sa lite. Var berre der. Alltid. Utstyr var det ikkje stort av. Lysbruer og eit par lyskastarar var det heile. Lydforsterking var det heller ikkje tale om, men vi fekk kjøpt ein Tandberg bandspelar slik at mykje av stoffet vart oppteke. Og vi song og spela. Spela teater og musikk. Og så venta vi. Såg på dei som var på scena og venta på vår tur. Det var sosialt. Lagsrommet var sentralt. Der møttest vi og fikk oss kaffe. Drøfta opplegg og la planar. Det var ikkje den store orden rundt oss på og ikring scena. Og slett ikkje støvfritt. Det er det vel heller ikkje i dag.


Frå «Biff-à-la-BUL»

Det eg kom mest borti, var revyane. Ein etterjulsvinter førte vi fram tre slike. Ola bruka delvis same stoffet, men kom alltid med noko nytt. Av og til kom han med viser utan melodi. Da laga vi tonen sjøl. Ved flygelet sat fru Isdal, eller vi skaffa utsetting til Spelmannslaget som akkompagnerte.

Slik eg hugsar det, var det ofte same folket som gikk att i fleire særlag. Eg trur det var meir samarbeid mellom særlaga den gongen enn no. Lagsleiar Magnus Lie Hetland er inne på samarbeid i Frifant nr. 3/1998. Kanskje går det an å få det til? Eit av dei store prosjekta som eg hugsar i så måte, var da vi sette opp syngespelet «Til sæters». Der var det bruk for både skodespelarar, songarar og musikarar.

Så var vi på «turne» med spelstykke, dans og musikk… Vi besøkte Selbu, Snåsa, Oppdal, Rissa og andre bygder. Transporten kunne vera dramatisk. Vi kjørte buss. Ein gong hamna vi langt ute på ekra på Reppe, og i Tydalen sokk bussen ned i teleløysinga. Vi bar han oppatt.

Som publikum er det enkelte spelstykke eg sit att med. T.d. Vesle Bill i aktivitet med Sigurd Vasseljen i hovudrolla og Kristian Lofthus med Klara Norman (Ulstad) og Odd Stautland. Det var litt seinare trur eg. Rasjonelt fjøsstell var sjølsagt med, og så var det eit fornøyeleg stykke som heitte Riva.

Og så hadde vi teaterkveldar. Vi kjøpte billettar samla og gikk i Trøndelag teater. Etterpå vart det etterlag ein eller annan stad. Det var triveleg samvær. Eitt år hadde vi heile fem slike teaterbesøk.

Eg var inne på samarbeid. Kva med ei gjennomarbeidd heilkvelds forestilling med korsong, teater, musikk og dans? Kor er eldsjela som kan dra noko slikt i gang?

Olav Mogstad