Spelmannslaget har eiga nettside!

Spelmannslaget i BUL i Nidaros er eit av tre aktive spelmannslag i Trondheim.
Laget vart etablert i 1954 for å skaffe musikk til dansarane i Bondeungdomslaget. Repertoaret var for det meste turdans- og gamaldansmusikk, men laget spelte også til revyar og liknande for Spellaget, no Teaterlaget i BUL.
Først på 1970-talet vart det sett i gong kurs i felespel, og da vart fleire dansarar inspirerte til å spele. Dette førte etter kvart til endringar i Spelmannslaget. Gitar og bass kom til, og vi fekk rekruttering gjennom nye felekurs og gjennom spelmenn som kom til byen. Etter kvart kom det også til fløyte.
I dag er vi om lag 15 aktive medlemer. Vi har ei aldersfordeling frå om lag 20 – 83 år, og ambisjonsnivået er varierande, men det er plass til alle som finn seg til rette. Miljøet i laget er veldig bra. Folk trivast, og laget har siste året hatt god rekruttering. Spelmannslaget øver kvar måndag frå 19:00 til 21:30 i møterom 151 på Åsvang skule. Midt i øvingskvelden er det pause med kaffi, te og litt å bite i.
Musikken som blir spela er tradisjonsmusikk, stort sett frå distriktet vårt, som er Trøndelag. Instrumenta er fele, trekkspel, bass og zither. Andre instrument, som banjo, gitar, fløyte, klarinett, tussefløyte, munnspel eller noko anna, er like velkomment. Det blir lagt vekt på godt samspel, rytme og melodiføring. Det kan òg bli gitt innføring i spelteknikk. Musikalsk leiar, som nå er Gunvor Bjerklund Røkke, er ansvarleg for øvingsopplegget i samsvar med arbeidsprogrammet.
Spelmannslaget spelar på nokre av øvingskveldane til Folkedanslaget i BUL, dansekveldar i BUL. Vi er med på kappleikar, Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og vi speler konsertar. Vi reiser også på turar og har andre sosiale samkomer. Alle er medlemer i BUL og kan ta del i aktiviteten der.
Spelmannslaget tek på seg dansespel og kan presentere norsk folkemusikk utanfor miljøet, til dømes på festar, kongressar og liknande. Ta kontakt!
Har du lyst til å spele saman med oss? Kontakt oss på spelbulnidaros@gmail.com.