Sommarteateret på Munkholmen

Kvart år, dei tre siste vekene i juni, spelar Teaterlaget i BUL Nidaros sommarteater inne i tårnet på Munkholmen. Då spelar barn, ungdom og vaksne skodespelarar teater for barn og vaksne. Stykka inneheld mykje sang og musikk, dei må engasjere ungane og gi dei vaksne ei god oppleving. Dette er ein aktivitet vi har drive med i over 30 år. Mange familiar i Trondheim har som tradisjon å dra på Munkholmen og sjå teater.
[br]

Frå årets oppsetning av «Annie»
BUL i Nidaros