Lov for Teaterlaget

Laget er skipa 26. april 1908

§ 1 Føremål
Teaterlaget er skipa i og av Bondeungdomslaget i Nidaros og skal arbeide for teaterverksemnda i laget blant barn og vaksne. Teaterlaget skal arbeide i samsvar med lov og føresegner for Bondeungdomslaget.

§ 2Medlemskap i andre organisasjonar
Teaterlaget kan melde seg inn i andre organisasjonar som har same arbeidsoppgåver etter vedtak med 2/3 fleirtal på årsmøtet. Slik innmelding skal godkjennast av lagsstyret og eit lagsmøte.

§ 3Medlemer og heiderslagsmedlemer
Medlemer kan dei bli som er medlemer i Bondeungdomslaget og som vil fremje føremålet til Teaterlaget.

§ 4Årsmøtet
Årsmøtet skal haldast innan 10. februar. Årsmøtet skal kunngjerast med e-post, på heimesida og på sosiale medium 14 dager før årsmøtet. Det kan og haldast omframt årsmøte etter krav frå styret, 1/5 av dei røysteføre medlemene eller lagsstyret.

Saker som medlemer eller andre vil ha fram for eit vanleg årsmøte må vere komne inn til styret innan 10. januar. Alle årsmøtesaker skal liggje framme i 8 dagar før årsmøtet.

Årsmøtet skal ha føre og ta avgjerd om godkjenning av årsmelding, rekneskap, arbeidsplan og budsjett for laget, velje ombodsfolk og vedta lover for laget, kåre heiderslagsmedlemer og fastsette årspengar.

Årsmøtet skal tilrå for valnemnda i hovudlaget medlemer og varamedlemer til styret i særlaget.

Årsmelding og rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet i hovudlaget til godkjenning.

Alle ombodsfolk, der anna ikkje er fastsett, skal veljast for 1 år. Ombodsfolkskiftet er som for hovudlaget.

Røysterett på årsmøtet har alle medlemer som har betalt årspengar for året føreåt og heiderslagsmedlemer.

§ 5Styre og styremåte
Teaterlaget skal ha eit styre, som består av desse representantane:
– Leiar – veljast for 1 år
– 6 styremedlemmer veljast for 2 år slik at 3 er på val kvart år.
– Ungdomsrepresentant – veljast for 1 år

Styret konstituerer seg sjølv. Styremedlemmane er styrekontakt for kvar si barne- og ungdomsgruppe.

Styremedlemmer i Teaterlaget må vere fyllt atten år når dei velgjast inn i styret.
Ungdomsrepresentanten skal vere under 18 år heile funksjonsperioden.
Ungdomsrepresentanten vert valt på årsmøtet etter innstilling frå ungdomsgruppene.
Ungdomsrepresentanten har røysterett ved røystingar i styret.

Ein av styremedlemene skal veljast til medlem i styret for hovudlaget, og ein som varamedlem.

Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer er tilstades.

Styret fører bok over vedtaka sine og over vedtak i Teaterlaget.Styrevedtak skal gjerast kjent blant medlemene. Styret tek opp nye medlemer.

§ 6Val og avrøystingar
Ved val av styre skal leiaren veljast først.

Når ikkje anna er sagt i denne lova gjer årsmøtet og styret vedtaka sine med vanleg fleirtal.Står røystetala likt, gjer røysta til leiaren utslaget. Saker som vedkjem arbeidet i laget og som medlemer eller styret ønskjer at eit medlemsmøte skal røyste over, skal kunngjerast minst ei veke før møtet. Medlemene må difor melde slike saker til styret minst 14 dagar før vedkomande møte.

§ 7Økonomi
Årspengane blir fastsett av årsmøtet etter framlegg frå styret. Teaterlaget har eigen rekneskap som går inn som ein del av rekneskapen for Bondeungdomslaget. Lagssekretæren fører rekneskapen og dei valde ettersynsfolka i hovudlaget har ettersynet.

Teaterlaget kan, etter vedtak i styret og godkjenning av lagsstyret, samle inn pengar til særskilde føremål innan laget. Rekneskapen for slike innsamlingar og bruken av dei innsamla midlane skal i revidert stand leggjast fram for årsmøtet i Teaterlaget og hovudlaget.

§ 8Tilskipingar
Alle tilskipingar utanfor Bondeungdomslaget og utferder som Teaterlaget sjølv tek initiativ til må ha godkjenning av lagsstyret.

§ 9Ymse
Årsmøte eller medlemsmøte kan vedta reglar for oppmøte.

§ 10Lovendring
Teaterlaget sine lover kan berre endrast på årsmøtet og med 2/3 fleirtal. Alle framlegg til lovendring må kunngjerast for medlemene i Teaterlaget minst 14 dagar før årsmøtet. Alle lovendringar må godkjennast av årsmøtet i Bondeungdomslaget.

§ 11Oppløysing
Blir Teaterlaget oppløyst, går alt laget eig til Bondeungdomslaget i Nidaros.

Sist endra på årsmøtet i Teaterlaget 2. februar 2016