Lov for Spelmannslaget

Laget er skipa i 1954

§ 1Føremål
Spelmannslaget er skipa i og av Bondeungdomslaget i Nidaros. Laget har til føremål å hjelpe fram norsk folkemusikk og slåttemusikk i og utanfor Bondeungdomslaget og vere til hygge og nytte.

§ 2Medlemskap i andre organisasjonar
Spelmannlaget kan melde seg inn i andre organisajonar som har same arbeidsoppgåver, etter vedtak med 2/3 fleirtal på årsmøtet. Slik innmelding skal godkjennast av lagsstyret og eit lagsmøte.

§ 3Medlemer
Medlemer kan dei bli som er medlemer i Bondeungdomslaget og som vil fremje føremålet til Spelmannslaget.

§ 4Årsmøtet
Årsmøtet skal haldast innan 10. februar. Årsmøtet skal kunngjerast med oppslag og lysing i lagsbladet eller dagspressa 14 dagar før årsmøtet. Det kan og haldast omframt årsmøte etter krav frå styret, 1/5 av dei røysteføre medlemene eller lagsstyret.

Saker som medlemer eller andre vil ha fram for eit vanleg årsmøte må vere komne inn til styret innan 10. januar. Alle årsmøtesakene skal liggje framme i 8 dagar før årsmøtet.

Årsmøtet skal ha føre og ta avgjerd om godkjenning av årsmelding, rekneskap, arbeidsplan og budsjett for laget, velje ombodsfolk, vedta lover for laget, kåre heiderslagsmedlemer og fastsette årspengar.

Årsmøtet tilrår for valnemnda i hovudlaget medlemer og varamedlemer til styret i særlaget.

Årsmelding og rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet i hovudlaget til godkjenning. Alle ombodsfolk, der anna ikkje er fastsett, skal veljast for 1 år.

Årsmøtet vel ein musikkleiar og eit noteutval på to medlemer. Noteutvalet samarbeider med musikkleiaren om å skaffe høvelege notar til laget. Ombodsfolkskiftet er som for hovudlaget.

Røysterett på årsmøtet har alle medlemer som har betalt årspengar for året føreåt og heiderslagsmedlemer.

§ 5Styre og styremåte
Spelmannslaget skal ha eit styre på 3 medlemer med 2 varamedlemer. Leiaren skal veljast for 1 år, dei andre styremedlemene for 2 år, slik at 1 styremedlem er på val kvart år.

Ein av styremedlemene skal veljast til medlem i styret for hovudlaget,og ein som varamedlem.

Varamedlemene skal veljast for 1 år. Første varamedlem kan kallast inn til styremøta, men har ikkje røysterett når heile styret møter. Styret vel seg imellom for 1 år nestleiar, skrivar og kasserar. Styret er vedtaksført når minst 2 styremedlemer er tilstades.

Styret fører bok over vedtaka sine og over vedtak i Spelmannslaget. Styrevedtak skal gjerast kjent blant medlemene. Styret tek opp nye medlemer.