Laget er skipa 3. november 1921
§ 1 | FøremålFolkedanslaget er skipa i og av Bondeungdomslaget i Nidaros og har til føremål å arbeide for songdans og annan norsk folkedans både i og utanfor Bondeungdomslaget. |
§ 2 | Medlemsskap i andre organisasjonarFolkedanslaget kan melde seg inn i andre organisasjonar som har same arbeidsoppgåver etter vedtak med 2/3 fleirtal på årsmøtet. Slik innmelding skal godkjennast av lagsstyret. |
§ 3 | MedlemerAlle medlemer i BUL kan bli medlemer i folkedanslaget. |
§ 4 | ÅrsmøtetÅrsmøtet er den høgste makta i laget. Årsmøtet skal haldast innan 10. februar kvart år. Innkalling til årsmøte skal gjerast kjend for medlemene gjennom lagsblad/programhefte ev. i elektronisk post eller papirpost, minst fjorten dagar før årsmøtet og dessutan ved oppslag på laget si heimeside, sosiale medium eller tilsvarande. Det kan òg haldast omframt årsmøte etter krav frå styret, lagsstyret eller minst 1/5 av dei røysteføre medlemene. Det må kunngjerast minst fjorten dagar før. Når anna ikkje er sagt i denne lova, har omframt årsmøte same makta som eit vanleg årsmøte. Saker som medlemer eller andre vil ha fram for eit vanleg årsmøte, må vere komne inn til lagsstyret innan 10. januar. Alle årsmøtesaker skal liggje framme i åtte dagar før årsmøtet. Årsmøtet skal ha føre og ta avgjerd om godkjenning av årsmelding, rekneskap, arbeidplan og budsjett for laget, og velje tillitsvalde, vedta lover for laget, kåre heiderslagsmedlemer og fastsette årspengar. Årsmøtet skal tilrå for valnemnda i hovedlaget medlemer og varamedlemer til styret i Folkedanslaget. Årsmelding og rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet i hovudlaget til godkjenning. Skifte av tillitsvalde er som for hovudlaget. Røysterett på årsmøtet har alle medlemer som har betalt årspengar året før og heiderslagsmedlemer. |
§ 5 | Styre og styremåteFolkedanslaget skal ha eit styre på 5 medlemer med 3 varamedlemer. Dersom det finst einungdomsring, skal ein representant med vara derifrå også sitje i styret. Representantane fråungdomsringen skal veljast for 1 år. Leiaren skal veljast for 1 år, dei andre styremedlemenefor 2 år, slik at 3 styremedlemer er på val kvart år. Varamedlemene skal veljast for 1 år. Ein av styremedlemene skal veljast til medlem i styretfor hovudlaget, og ein som varamedlem. Første varamedlem skal kallast inn til styremøta, men har ikkje røysterett når heile styret møter. Styret vel seg imellom for 1 år nestleiar, skrivar og kasserar. Styret er vedtaksført når minst 3 styremedlemer er tilstades. Styret fører bok over vedtaka sine og over vedtak i Folkedanslaget. Styret fastset talet på og vel instruktørar. Styrevedtak skal gjerast kjent blant medlemene. |
§ 6 | Val og av røystingarVed val av styre skal leiaren veljast først. Når ikkje anna er sagt i denne lova gjer årsmøtet og styret vedtaka sine med vanleg fleirtal.Står røystetala likt, gjer røysta til leiaren utslaget. Saker som vedkjem arbeidet i laget og som medlemer eller styret ønskjer at eit medlemsmøte skal røyste over, skal kunngjerast minst ei veke før møtet. Medlemene må difor melde slike saker til styret minst 14 dagar før vedkomande møte. |
§ 7 | ØkonomiÅrspengane blir fastsette av årsmøtet etter framlegg frå styret. Folkedanslaget har sin eigen rekneskap som går inn som ein del av rekneskapen for Bondeungdomslaget. Lagssekretæren fører rekneskapen og dei valde ettersynsfolka i hovudlaget har ettersynet. Folkedanslaget kan, etter vedtak i styret og godkjenning av lagsstyret, samle inn pengar til særskilde føremål innan laget. Rekneskapen for slike innsamlingar og bruken av dei innsamla midlane skal i revidert stand leggjast fram for årsmøtet i Folkedanslaget og hovudlaget. |
§ 8 | TilskipingarAlle tilskipingar utanfor Bondeungdomslaget og utferder som Folkedanslaget sjølv tek initiativ til må ha godkjenning av lagsstyret. |
§ 9 | YmseOpplæringsarbeidet er organisert slik styret og rettleiarane finn det mest tenleg for å fremje føremålet til Folkedanslaget. |
§ 10 | LovendringFolkedanslaget sine lover kan berre endrast på årsmøtet og med 2/3 fleirtal. Alle framlegg til lovendring må kunngjerast for medlemene i Folkedanslaget minst 14 dagar før årsmøtet. Alle lovendringar må godkjennast av årsmøtet i Bondeungdomslaget. |
§ 11 | OppløysingBlir Folkedanslaget oppløyst, går alt laget eig til Bondeungdomslaget i Nidaros. |