Idrettslag, tur- og friluftsnemnd

Denne gongen vil det bli lite samsvar mellom tittelen på denne serien og innhaldet. Det får våge seg om tidsspennet blir hundre år og meir til.


Martin Stokken-stilen var vanleg for amatørar på den tida. (Bilete utlånt av Olav Mogstad)

Eg har før vore inne på bakgrunnen for den frilynde ungdomsrørsla i slutten av det nittande århundret. Det var frigjering åndeleg og fysisk, og også politisk. Brotet med Sverige i 1905 kom ikkje spontant. Det var ein lang prosess og nordmennene var førebudd på at det kunne bli ufred. Forsvarstanken stakk nok djupare da enn han gjorde i trettiåra. Dette ytra seg mellom anna i skyttarsaka. Skyttarlaga grodde opp utover bygdene og var mange stader ein kulturfaktor. Vegen var ikkje lang til idrettslag. Desse rørslene appellerte til same publikum som ungdomslaga. Difor var det mange av dei som var med i Bondeungdomslaget som var ivrige skyttarar og idrettsfolk. At BUL var ein populær tilhaldsstad for elevane ved befalsskolen, hadde også innverknad på miljøet.

Hytta i Uglamarka vart ferdig i 1915. Dermed hadde laget ein ideell plass for fysisk aktivitet. Idrettsfolket hadde ein møtestad. I 1919 vart Bondeungdomslagets idrettslag skipa. BUL hadde på denne tida omkring 500 medlemer, altså dobbelt så mange som i dag. Om lag 50 var med idrettslaget. Mange gjorde det bra i konkurransar. Idrettslaget var i aktivitet i ti år, så var det slutt.

I femtiåra kom diskusjonen om idrettslag opp på nytt. Bondeungdomslaga i bl.a.Oslo, Tromsø og Bergen hadde idrettslag som hevda seg godt. Mange i laget vårt meinte at idrettsaktivitet ville gjera tilbudet til ungdomen meir komplett og dermed gi fleire medlemer og større trivsel. Andre meinte at byen hadde nok idrettslag som ga gode tilbud. Det var også kjent at det var mykje strid mellom særlaga i BUL i Oslo der idrettslaget var den eine polen. Slike tilhøve var ein redd det skulle bli her hos oss også. Men friluftsaktiviteten hadde framgang i desse åra. Folk var ivrige til å gå i skog og mark både med og uten ski. For bulfolket var utgangspunkt for skogsturar helst Hytta. Men vi drog også lenger med buss og tog for å finne eit godt turterreng. Det var arrangert konkurransar av ymse slag. Ei frukt av OL i Oslo i 1952 var dei årvisse skirenna som vi ga namnet Buliaden. Endskapen vart at det i 1961 vart skipa ei tur- og friluftsnemnd i BUL som skulle ta seg av mosjonsaktiviteten. Dermed var TUFS ein realitet og ein viktig faktor i laget. Formelt fekk nemnda føresegnene sine i 1964.


Frå BULiaden i 1952. (Bilete utlånt av Olav Mogstad.)

TUFS har hatt varierande aktivitet, men dei fleste lagsfolk har gode minne om turar og samlingar av ymse slag. I 1970 leigde BUL utferdsstaden Svartåsvadet i Torbjørkdalen i Meråker. Det var opprinneleg bustad for skogsfolk. Drifta hadde TUFS ansvaret for. Den gjengen som fór dit, har mange gode minne. I 1975 vart vi oppsagt i Svartåsvadet fordi viltforskarar fann ut at huset som var mange år gamalt, låg midt i eit elgtrekk og måtte rivast! Laget fann ein ny stad og i 1976 vart det skrive kontrakt om leige av Osmedalssetra i Rennebu. Det vart utfartsstad fram til 1980. Da kjøpte Laget husa med tomt på småbruket Frigård i Hessdalen. Denne staden vart innvigd som utfartsstad i januar i 1981 og dermed hadde TUFS tatt på seg ansvaret for eigedom i Laget. Årsmøtet i 1999 understreka dette ansvaret og løyvde pengar til vedlikehald.

TUFS er framleis eit friskt pust i Bondeungdomslaget og har nettopp gjennomført ein vellykka kanotur i Rørosområdet. Sjøfart i fjellkommunen!

Olav Mogstad