Hytta

Hytta har i over åtti år hatt ein sentral plass i lagslivet. Eller kanskje vi må snakke om hyttene. Den gamle hytta låg i Uglamarka. Bygd i ville skogen mellom Lianvatnet og Ugla, tatt i bruk i 1915. Ho vart etter kvart innebygd i bustadområdet i Per Sivles veg og fekk gatenummer, vart riven midt på 1980-talet, flytt til Ringerikstraktene og oppattbygd som privathytte. Nyhytta ved Lian var innflyttingsklar i 1985, men det er ei anna historie.


Dans i storstova

Hytta vart styrt av eit styre og ei hjelpenemnd. Eit av medlemene i driftsstyret var tilsynsmann for hytta. Kvar helg hadde to av oss hyttevakt. Vi dro opp med trikken etter skule- og arbeidstid laurdag og gikk frå Ugla. Så var det å fyre opp i kjøkenet, peisestua og salen. Det tok si tid å få opp temperaturen i kalde vinterkveldar. Folket kom etter kvart og det vart mat. Gjerne «painnkak» i tillegg til det kvar enkelt hadde med. Painnkaka var luftsnudd. Matstunda rundt langbordet i peisestua med song og prat vart varige minne.

Så vart det kanskje songdans. Hadde vi ein spelmann, vart det også turdans og runddans. Da eg vart formann i hyttestyret i 1955, hadde vi ikkje radio eller grammofon. Slike surrogat ville BUL-folket ikkje veta av. Det låg ei fele på hytta. Ho vart borte på sekstitalet. Veit nokon kor det vart av henne? Det hende nokon brukte fela. Men vi fann ut at skulle vi få danse når vi ville, måtte vi ha musikk på plate. Kassettspelaren var ikkje komen. Så drog vi heim til arkitekten som skapte Risvollan. Han hadde ein gamal radio og platespelar til sals. Platespelaren var ein kasse med motor inni, ei skive og ei arm med ein pickup på. Frå den gikk det ein leidning som kunne koplast til radioen. Men kva med plater? Gamaldansplater fanst ikkje i Trondheim. Eg skreiv til Norsk musikkforlag. Dei hadde to plater. På den eine spela Glåmos spelmannslag (gamal)pols og den andre hadde reinlendar og vals med Anders Viken. Dei vart spela flate.

Eit anna stridsspørsmål var vindaugsarealet. Den kjende arkitekten Holmgren hadde teikna Hytta i nasjonalromantisk stil, tømmerhus med få og små vindaugo. Serleg peisestua var mørk. Var det stilbrot å utvide vindaugs arealet? Diskusjonen gikk lenge. Vi ungdomane gjorde kort prosess og sette inn to større vindaugo på peisestua og eitt i storsalen. Eg trur folk fann det rett.


Slåttonn på hyttevollen

Over peisestua og kjøkenet var det ei andre høgd med vaskerom/garderobe og to soverom med 6–7 køyesenger i kvart. Guterom og jenterom. Der var det inga slingring (så vidt eg veit). Overnatting frå laurdag til søndag var vanleg. Det galdt å koma i godt tid for å kunne velje rette køya. Ingen hadde bil og trikken la seg tidleg. Innsovingsstunda på guterommet ga rom for mange historier og skrøner. Det var sikkert det same på jenterommet. Søndagen starta med felles frukost for dei som ikkje sov altfor lenge. Somme gikk på tur, andre hogg ved eller gjorde anna vedlikehald inne eller ute, eller dansa på gardsplassen. Søndag gikk vi gjerne til byen og rakk innom hybelen før lagsmøtet. Siste lagsmøtet om våren vart halde på Hytta.

Eit par laurdagar for året var det hyttefest. Da var det stor oppdekning, underhaldning og framfor alt dans. Det var tinga musikk, som regel ein einsleg trekkspelar. Best hugsar eg Spjøtvoll. Ein stor kraftig kar med grove fingrar som eg ikkje skjøna fekk plass på tastaturet. Eg trur han var i gruveindustrien til dagleg. På festane i Lagssalen var meir moderne dans enn vals og reinlendar bannlyst. På Hytta var det fritt fram for tango, fokstrott, sving o.l. Utruleg trivelege festar. Annakvart år i februar var det skotårsfest eller drengkaillfest. Den tradisjonen har visst halde seg. Kven har ikkje gode minne?

Eit av underhaldningsinnslaga var den handskrivne avisa. Det var fleire av dei i Laget og den som kom ut på Hytta var «Hytteposten». Innhaldet var referat frå lagslivet, historier og gjerne litt sjikane og sladder. Ein gong var han forresten trykt og skriven på rim og skulle syngjast. Det var sjølsagt Ola Ulstad som var opphavsmannen. Utdelinga skjedde ved at ei lita jente sprang bortetter bordet og var «avisgut». Stor jubel. Den same Ola laga forresten ei vise om Hytta til ein av revyane første på femtitalet. Kanskje nokon av dei eldre i laget kjenner seg att? Visa heiter «Gå på hytta», går på tonen til «Fjellsangen» i filmen Gjest Baardsen og er slik:

Pakk shopping og ryggsekk og alt du kan få

ta sydvest og nikkers og langstøvla på

så tar du blandt ainna

ein lakris i hainna

og blir med på langtur langt ut i det blå.

Vi er av den mening

du trenger mosjon

du trenger til trening

og luft med ozon.

Så bryt ikkje skikken,

men gå å ta trikken

og reis opp til hytta ved Ugla stasjon.

Hytta det er et fortjusande sted,

der nyter du alt i fra landlivets fred

til ongan i gata

med alle dei data

av gleder og sorger som slikt fører med.

Men her kan du faktisk

få kjenne deg fri

og utnytte taktisk

din flid og energi.

Som streng prinsipal

som vill sansegal.

Du gjer kva du vil, du er fri man you see.

Han Asle han prate deg «sønder» med snakk

om panelingsbord og om trapp og kloakk.

Han sei kjem du inn du

så finn du at vindu

det mangler det også i vår bivuakk.

Eg veit itj nå om det,

men det vil eg sei.

Det kjem for meg som det

er for å vera lei.

For tenk på dei mange

som ikkje tar spranget

før dei finn ei krå der itj lyset har nå’n vei.

Han Leif og ho Else å’n Amund med fler

dem kjase og mase vil stadig ha mer.

Ja du har itj vett på

kor alt dem ska rett på

der her ska dem flikk på, og der reparer.

Dem mase på’n Elden

no må vi ha pæng

å ja får dem sjelden,

men oftast det dem treng.

For fred med din neste

det er nok det beste

sei’n Elden og flire, som slutningspoeng.

Juletrefest var det også på Hytta. I romhelga. Gang til juletreet og anna moro. Lagsfolk var også der i påska. Uglamarka var «fjellet». Da krigen kom, evakuerte folk dit for å kjenne seg trygge. Under krigen var Bondeheimen og Lagssalen rekvirert av tyskarane. Lagsfolket melde seg ut av NU i 1942 da nazistane ville overta styringa. Hytta vart samlingsstad for lagsfolket og lagerplass for hotellet.


Leik på hyttevollen

Som nemnt vart Hytta etter kvar innbygd av bustader og Uglamarka vart til by. Villastrok. Det hadde skjedd før den tidsepoken som her er skildra. Bondeungdomslaget var ein institusjon det vart tatt omsyn til den tida. Det merker vi på at alle gatene i området er oppkalla etter diktarar som skreiv på nynorsk.

Diskusjonane om ny hytte var i full gang for femti år sidan. Det tok over tretti år før ny hytte vart bygd. Men som sagt, nyhytta er ei anna soge.

Olav Mogstad