Fredagsleik

Leikarlaget hadde to leikøvingar for veka. Fredagsringen var for alle. Framsyningsringen eller særringen som øvde om onsdagane, var for dei utvalde. Den ringen skulle alltid ha eit program klart til framsyning. Fredagskveldane var det friare. Det var ein høveleg kveld for slik aktivitet. Laurdagen var halv arbeidsdag og skuledag, så vi tolde litt seinare kveld fredag. Innflyttarungdommen hadde korkje råd eller tid til å reise heim i ei kort helg. Dårlegare kommunikasjon enn no og få privatbilar gjorde at vi heldt oss i byen. Vi kom til Gildevangen med trikken, bussen eller til fots. Eg kan ikkje hugse at sykkelen var så mykje i bruk.

Til Lagssalen gikk vi inn gjennom hotellinngangen, forbi resepesjonen. I garderoben var det pynting og skoskift. Antrekket var jakke/dress og bluse/skjørt/kjole. Ingen av jentene fann på å møte i langbukse. Klokka tjue spela spelmannen opp til marsj. Den første spelmannen eg hugsar, var Birger Holan. Han var profesjonist, spela fele i Symfoniorkestret. Han brukte alltid notar. Etter kvart tok Leiv Hevnskjel over. Han var både spelmann og leikleiar. Marsjen gikk vi gutane med jakka på. Vi brukte ulike turar alt etter kva leiarparet fann på. Så klappa vi for spelmannen, gutane kasta jakka og det vart songdans. Til dømes I kveld er eg glad, Ola Glomstulen, Vesle guten, Trolldans, Bendik og Årolilja, Liti Kjersti o.s.v. Trøndervisene var enno hos kjeldene og mange av dei store visene som er i bruk i dag, var ikkje gravne fram or arkiva. Neste bolk var turdans. Firetur og seksmannsril, rekkedansar, gamal reinlendar og små pardansar. Alt under instruksjon av Kalle Gjønvik og andre. Så vart det pause med pols. Dei fleste hadde gått polskurs med Mokka og Kalle og kunne både rangsnu og rettsnu. Var vi heldige, fekk vi to polsar. Etter kvart vart det òg kurs i vestlandsspringar. Men vi måtte halde oss til bygdedans. I flg. lova høyrde ikkje runddans heime på øvingane i leikarlaget. Det var inga servering i pausen, med vasskranane var tilgjengelege.

Oppmøtet var variabelt frå år til år. Eg minnest at vi trong to ringar og eg minnest at vi var berre ei handfull par. Ny forsyning med folk kom med leikkursa om hausten og etter jul. Polskursa drog også folk til lagssalen. Den gongen, som no, vart det klaga over at vi var klikkar som det var uråd å koma inn i. Vi meinte vi var opne. Eg brukte å seie til nye at de må gå minst tre kveldar før de dømer oss på det punktet.

Etter pausen vart det meir turdans og etter kvart songdans før vi slutta i titida med broderring og Å leva det er å elska. Så gikk somme på lagsrommet. Det har eg skreve om før. Andre rusla heimover i flokk eller par om par. Ja, for fredagsleiken var litt av ein giftekniv. Folk fann kvarandre. Eitt år var det heile ti trulovingar i laget!

Ein gong for halvåret hadde vi kaffespleis. Da hadde jentene med mat og gutane betalte kaffen. I den forlenga pausen gikk vi opp på matsalen eller ein salong på hotellet og der var det allsong, anna underhaldning og opplesing av den handskrevne avisa «Leikskrå». Alle som hadde bunad, tok på seg den og vi hadde ein retteleg festkveld.

Dei har det vore mange av i folkedansmiljøet og takk for det.

Olav Mogstad