Songdans med Herman Ranes

When

16/09/2020    
7:00 p.m. - 9:00 p.m.

Where

BUL-salen
Søndre gate 22B, Trondheim

Event Type

NB! Grunna pandemisituasjonen har me berre plass til 20 deltakarar. Meld dykk på her: https://docs.google.com/forms/d/1z23AphWZR6UAOhGvLBMpstFEuCRRX_DM6GtIyPLfPu8/edit?usp=drivesdk

Velkomen til haustens fyrste onsdagsleik!
Den 16. september skal me sjå korleis det kan
fungera med songdans i koronatider.

Songdans er den danseforma som har lengst tradisjon i BUL og i dei
frilynde ungdomslaga i Noreg.

Ein skal eigentleg halda saman i ring eller rekkje når ein dansar, men
pga. hygienekrava skal me halda oss strengt til metersregelen denne
kvelden. Difor lyt me stå spreidde i eit slags open oppstilling.

Planen er å øva litt på dei vanlegaste stegtypane i songdans: Kvilesteg
og attersteg, og ev. å syngja nokre av dei tradisjonelle tekstane. Her
er ein av dei:

Bind deg ein blomekrans,
kom så til leik og dans,
fela ho læt no so vakkert i lund.
/: Sit ikkje stur og tung, syn at du og er ung,
veks fri som fagre lyng, dans no og syng.

Instruktør: Herman Ranes

Tid:
Onsdag 16. september kl. 19:00 – 21:00
Stad:
BUL-salen, Søndre gate 22 B (inngang frå Carl Johans gate, det er ei grøn dør i Thon hotel-bygget)
Pris:
BUL-medlem: gratis
Ikkje-medlem: 100 kr
Ikkje-medlem og student: 50 kr
Me tek betaling i døra, helst på vipps grunna smittevern.