Ledig stilling – Lagssekretær

40 prosent stilling, men med moglegheit for utviding av stillingsprosenten.

Arbeidstad: Dronningens gate 23, 7012 Trondheim.

Søknadsfrist: 30.oktober 2020.

Ønskt starttidspunkt: 1. desember

Tilsettingsform: Fast.

Arbeidstid etter avtale. Må rekne med noko arbeid på ettermiddagstid.

BUL er ein frilynt organisasjon som vart stifta i 1904 og er tilknytta Noregs Ungdomslag. Aktivitetane til laget er teater, folkedans og folkemusikk der vi har tilbod både til barn og vaksne. Arbeidsspråket til laget er nynorsk.

Arbeidsoppgåver:

  • Sekretærfunksjonar til laget
  • Økonomi og rekneskap
  • Administrering av BUL sine lokalar

Kvalifikasjonar:

Vi ønsker ein person som har utdanning eller erfaring innan økonomi og rekneskap. Vedkomande må kunne arbeide sjølvstendig og ha interesse for arbeid i ein ideell organisasjon. Det er også viktig å kunne samarbeide med folk i alle aldrar.

Vi vil legge vekt på at vedkomande har personlege eigenskapar som passar til arbeidet.

Løn etter avtale.

Kontaktpersonar:

Trygve Fætten, leiar i BUL: trygvefatten@gmail.com 916 72 476

Grete Lindseth Sandven, lagssekretær: lagskontor@bulinidaros.no 930 80 816

Mari Kvaal, styremedlem: marik@online.no 915 72 936

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *