Veterandans

Sidan 1988 har det vore veterandans ein gong for månaden frå september til mai. Dansen tar til kl 19:00. Så er det ein halvtimes sosial kaffipause med mat som folk tar med og kl 21:30 er det slutt for kvelden.

Inngang er for tida kr 50,- for dei som ikkje er medlemer i Folkedanslaget.

I veteranringen blir det stort sett dansa songdans og turdans, likt fordelt i to økter.

Det blir lagt vekt på å få med nokre store balladar og rekkedansar på kvar øving.

Songdansrepertoaret er relativt stort og populært. 

Datoar ligg i aktivitetskalenderen, og er merka «Songdans og turdans».

Det møter omkring 30 på øvingane og det er plass til fleire. Det er inga aldersgrense.