Vaksengruppa

Gruppa har omlag 25 medlemmar. Ikkje alle er aktive kvart år. Medlemmane tek del i dei prosjekta dei er interessert i, og det er ikkje kvart år vi har prosjekt som gir plass til alle. Det er viktig at vi og har medlemmar som er interesserte i teknisk arbeid, scenografi, kostyme og ikkje minst administrasjon av dei einskilde prosjekta, sjølv om dei fleste ser føre seg skodespelaroppgåver.

Prosjekta startar i regelen med eit oppstartmøte der medlemmane melder seg på prosjektet om dei er interesserte.