Lagsliv før i tida

Gjennom 13 utgåver av Frifant har lesarane kunna følgje Olav Mogstad i artikkelserien «Lagsliv for 50 år sidan». Der har han henta fram minne frå ei tid som no er borte – det var før vi «ferskingane» tok over styre og stell i laget. Og det er slett ikkje berre mimring; ein finn alltid ord til opplysing og ettertanke i det som Olav skriv.

Somme har kan hende kome til som lagsmedlemer i laupet av den siste tida. Eller det kan tenkjast at eit Frifant eller to ligg ein annan stad enn der ein la det frå seg sist … Dei det gjeld, kan gle seg over at «Lagsliv»-artiklane no er tilgjengelege på BUL-veven på Internett.

Lagsmøtet (Publisert i 1997)
Søndag 16. november 1997 var eg på lagsmøte. Det var triveleg sjøl om det ikkje var så overlag godt regissert. Det førte til mimring. PC-en var for handa og bladstyret varsla om frist for Frifant.
Les meir

Lagsrommet (Publisert i 1998)
Eit sentralt element i lagslivet, var lagsrommet.
Les meir

17. mai (Publisert i 1998)
Grunnlovsdagen, nasjonaldagen 17. mai har alltid stått sentralt i den frilynte ungdomsrørsla. For Bondeungdomslaget i Nidaros har han vore, og er, ein stor festdag.
Les meir

Fredagsleik (Publisert i 1998)
Leikarlaget hadde to leikøvingar for veka. Fredagsringen var for alle. Framsyningsringen eller særringen som øvde om onsdagane, var for dei utvalde.
Les meir

Teaterlaget (Spellaget) (Publisert i 1999)
Teaterlaget feira nittiårsjubileum midt i november. Frisk fest og framsyning med kavalkade over fortida. Verkeleg triveleg. Eg kunne sjølvsagt ikkje unngå å minnast gamle dagar.
Les meir

Hytta (Publisert i 1999)
Hytta har i over åtti år hatt ein sentral plass i lagslivet. Eller kanskje vi må snakke om hyttene. Den gamle hytta låg i Uglamarka. Bygd i ville skogen mellom Lianvatnet og Ugla, tatt i bruk i 1915.
Les meir

Forretningsdrifta (Publisert i 1999)
Da bondeungdomslaga i byane vart skipa rundt førre århundreskiftet, var eit føremål å gi innflyttarungdomen ein tilhaldsstad. Det kravde hus. Og var folket først samla i hus, måtte det også vera mat å få. Slik voks lagsbruka fram.
Les meir

Studiearbeidet (Publisert i 1999)
Da ungdomslagsrørsla voks fram i slutten av førre århundret, var trongen til fri opplysning ei av dei sterkaste drivkreftene. Ønskjemålet var frilynde i åndslivet.
Les meir

Spelmannslaget (Publisert i 2000)
Spelmannslaget vart skipa i 1954, så det er dårleg dekning for overskrifta, men eg skriv likevel litt om korleis vi hadde det dei første åra.
Les meir

Utferder i lokalområdet (Publisert i 2000)
«Kjenn landet ditt» var eit slagord i gamle dagar. Dei fleste kjente berre bygda si. Mor mi trur eg aldri hadde reist dei tolv mila til Trondheim før eg flytta hit.
Les meir

Idrettslag. Tur- og friluftsnemnd (Publisert i 2000)
Denne gongen vil det bli lite samsvar mellom tittelen på denne serien og innhaldet. Det får våge seg om tidsspennet blir hundre år og meir til.
Les meir

Stemneturar (Publisert i 2000)
I sommar var det stemne i Noregs Ungdomslag i Stavanger. Der var vi eit par handfull medlemer i Bondeungdomslaget i Nidaros. Vi var faktisk fleire sist det var stemne i Stavanger, i 1956.
Les meir

Årsmøtet (Publisert i 2001)
Årsmøtet er høgste makta i laget. Årsmøte har det vel alltid vore. Årsmøtet i år er det femtiande vanlege årsmøtet etter eg vart medlem i Bondeungdomslaget. Eitt og anna omframt årsmøte har det også vore.
Les meir