«Eg kjenner ingen i dag som vil bruke all si fritid til å drive forretning for laget og ta på seg ansvaret som følgjer med det»
«Det vart bygd opp ein kapital som er grunnlaget for økonomien i laget i dag.»
Da bondeungdomslaga i byane vart skipa rundt førre århundreskiftet, var eit føremål å gi innflyttarungdomen ein tilhaldsstad. Det kravde hus. Og var folket først samla i hus, måtte det også vera mat å få. Slik voks lagsbruka fram. Ikkje berre som samlingsstader med mat, men også forretningstiltak. Bondeungdomslaget i Nidaros kjøpte den delen av Gildevangen som ligg mot Søndre gate i 1910 og den vestre delen vart bygd ferdig og tatt i bruk i 1930. Stoff om dette er å finne årbøkene som er gitt ut. Det som kjem her, blir litt om det eg opplevde frå min synsstad.
Tyskarane rekvirerte huset under krigen. Det vart hard bruk og lite fliing. Dei brukte mellom anna lagssalen til potetlager. Så kom freden og lagsfolket fekk att huset. Har du stansa i Søndre og sett på huset? Det er eit av dei vakraste i byen. Berre sjå.
Eit driftsstyre vald av årsmøtet stod for drifta gjennom ein dagleg leiar. Driftsstyret vart mellom årsmøta kontrollert av rådet. Det første eg hugsar eg høyrde om dei organa, var skildring av serveringa på rådsmøta. Da skulle kokken vise arbeidsgivaren kva han kunne prestere. Stor middag. Driftsstyret vart også pent behandla medan drifta spanderte ein meir nøktern kveldsmat på lagsstyret. Eg nådde så vidt å få bli med. Da meirverdiavgifta vart innført først på 1970-talet, vart det eit enklare opplegg. Vi fekk sanne at forretningsdrift er alvorlege saker. Strategi, driftsplanar, rekneskap, bekymringar. Økonomien gikk nedover fram til salet i 1991.
Forretningsdrifta var store saker på dei første årsmøta eg hugsar. Rekneskapen vart nøye gjennomgått og kommentert og det var spanande for oss ungdomane kva vi kunne få i tilskot til lagsdrifta. Både eigedomen, hotelldrifta og kaffestovedrifta var eitt selskap, organisert som privat verksemd og pålagt skatt i samsvar med det. Alt i 1940 vart tanken om aksjeselskap lansert. Krigen utsette saka. I 1953 vart det orden på det. Vi fekk AS Gildevangen som eigedomsselskap. Hotell- og kaffestovedrifta heldt fram som privat selskap. Det som gjorde inntrykk på meg på det årsmøtet, var kor gamlingane krangla. Skulle Gildevangen seljast? Formelt var omorganiseringa eit sal av eigedomen og det ordet vart også bruka i saksframlegget. Var det starten på avvikling? Vedtaket vart ikkje samrøystes. Eit par av dei eldre stemte imot. Debatten minte på mange måtar om det vi høyrer i dag når kommunale bedrifter skal bli aksjeselskap. Aksjeselskapet ga laget ein obligasjon på firehundre og åtte tusen. Renta på den vart driftsgrunnlaget for Laget i bortimot førti år. Rentesatsen varierte, men pengar til Laget vart det kvart år.
Forretningsdrifta og lagsdrifta var integrert. Hotellresepsjonen var på mange måtar sambandssentral for lagsfolket. Der kunne vi låne nøklar til hytta, legge påmeldingslister til ting som skulle hende mm. Tenestefolk frå kaffestova ordna med servering på lagsmøta og på lagsrommet. Vaktmestrane såg etter at lagssalen var i orden. Mange av tenestefolka var også med i laget.
Forretningsdrifta heldt handa si over Hytta. Hytta hadde sin eigen driftsrekneskap og skulle finansiere den daglege drifta over lagsbudsjettet, men investeringar stod forretningsdrifta for. Det går også fram i «hyttevisa» som stod i førre nummer av Frifant. Hyttestyret masa på Ketil Elden, formannen i driftsstyret, og ville ha peng’. Det fekk vi oftast.
Arbeidet i driftsstyret var fritidsverksemd utan honorar. Det tok tid. Dei færraste som var med, hadde røynsler frå forretningsdrift. Etter kvart vart krava til styret skjerpa og det vart vanskeleg å få folk. Eit samarbeid med Trønderheimen, der Bondeungdomslaget åtte ein sjettepart, vart prøvd utan suksess. Ein aktiv tillitsvald i laget sa til meg for nokre år sidan: «Eg kjenner ingen i dag som vil bruke all si fritid til å drive forretning for laget og ta på seg ansvaret som følgjer med.» I slutten av åttitalet var tida komen for endring. Det endte med at eigedomen vart seld.
I åtti år dreiv Bondeungdomslaget forretning. Sjøl om drifta gikk dårleg etter nitten sytti, vart det bygd opp ein kapital som er grunnlaget for økonomien i laget i dag. Er det arvesølvet vi brukar? Kor lenge varer det?
Olav Mogstad