Folkedans

Folkedanslaget tilbyr dansing for både barn, ungdom og vaksne. Vi har nybegynnarkurs og kurs for dei som har dansa litt frå før. Vi har også sosiale dansekveldar i lagssalen i Søndre gate 22B og dansekveldar på BUL- hytta på Lian. Der byr vi på god, levande dansemusikk og rikeleg med kake.

I løpet av det siste året har vi hatt kurs i bygdedansar frå forskjellige delar av landet. Til dømes valdresspringar, springleik og ulike dansar frå Trøndelag. Vi dansar også runddansar, turdansar og songdansar.

Danseøvingane er delt opp i onsdagsleik, barnedans og veterandans. Barnedans er for 3-10 år, mens onsdagsleik og veterandans er for alle aldrar.

For meir informasjon og oversikt over kva som skjer i næraste framtid, sjå vår aktivitetskalender.

Vil du stå på e-postlista vår og få tilsendt informasjon om kva for aktivitetar vi har, send ein e-post til dansbulnidaros@gmail.com