Dans for barn

Vi har opplegg i folkedans for barn i alderen 3 til 10 år. Folkedans er sosial dans, så vi bruker mykje song, dans og leik. Alle dansarar er velkomne, både nye og gamle! 

Alle våre instruktørar er utdanna anten innanfor folkedansinstruktørmodellen i Noregs Ungdomslag, og / eller har teke folkedansemne på NTNU.

Vi øver på måndagar i oddetalsveker i Søndre gate 22B (Grøn dør til kjellaren på Thon Hotell Nidaros).

Opplegg:

kl. 17:00 – 17:30Spesielt tilpassa dei yngste dansarane (ca. 3 – 6 år)
Denne halvtimen nytter me mykje song og leikar som arbeider med grovkoordinasjon og rytme. Foreldre eller andre vaksne er med barnet.

kl. 17:30 – 18:00Opplegg for alle barna saman. (3 – 6 år, og 6 – 10 år)
I fellesopplegget dansar me ein god del halling og anna enkle dansar som polka og marsj, både til song og musikk.

kl. 18:00 – 18:30Spesielt tilpassa elevar i småskulen. (ca. 6 – 10 år)
Denne halvtimen lærer me enkle folkedansar som reinlender og galopp, samt pols og turdansar. Det krevst at barnet er sjøvstendig nok til å følgje instruksjon.

Dei fleste deltek to halvtimar. Aldersinndelingane er rettleiiande, med opplegget frå 17:30 – 18:00 tilpassa alle. Er du i tvil om kva opplegg som passar ditt barn, kom inom og snakk med instruktørane.

Pris:

Det kostar 600 kroner pr. kalenderår for dei som er under 14 år. For dei som startar om våren kostar det 400 kr første halvåret. Foreldra på familiepartiet betaler ikkje medlemspengar.

Kontakt:

For meir informasjon om betaling, ta kontakt med lagskontoret.